Du er her:

Om Norsk akkreditering

Norsk akkreditering er Norges nasjonale akkrediteringsorgan, og er etablert av Nærings- og fiskeridepartementet med hjemmel i Lov om det frie varebytte i EØS (EØS-vareloven).

Sikre varer og tenester

Norsk akkreditering sitt hovudmål er å sikre trygge varer og tenester i Noreg, samt å bidra til internasjonal aksept og markedsadgang for norske varer og tenester. Dette blir gjort ved å akkreditere offentlege og private verksemder som utfører samsvarsvurderingar i Noreg.

Dette kan eksempelvis vere laboratoria, inspeksjonsorgan, sertifiseringsorgan, verifikasjonsorgan, produsentar av samanliknande laboratorieprøvingar, biobankar og produsentar av referansematerialar. I dette ligg det at vi bedømmer disse verksemdene sin kompetanse, styringssystem, arbeidsmetodar og kvalitet opp mot krav i internasjonale standarar.

 

Norsk akkreditering held til i Lillestrøm og har 29 tilsette. Norsk akkreditering vert leia av direktør Inger Cecilie Laake. 

GLP-inspeksjon og akkreditering av miljørevisorar

Etaten er og tildelt oppgåva med å inspisere verksemder etter OECD sine prinsipp for God laboratoriepraksis (GLP). Vi har ansvar for akkreditering av miljørevisorar på vegne av Miljødepartementet. Dette er eit ledd i den europeiske ordninga for Environmental Management Audit Scheme (EMAS).

Tilgang til Norsk akkreditering sine tenester

Norsk akkreditering skal utføre sitt arbeid på ein ikkje-diskriminerande måte. Dette betyr at alle verksemder som søkjer om akkreditering, og som tilfredsstiller dei krav og vilkår som er satt ved ei akkreditering av si verksemd og som betalar gebyra i forbindelse med dette arbeidet, skal bli akkreditert. 

Finansiering

Gebyr for Norsk akkreditering sine tenester er fastsatt av Nærings- og fiskeridepartementet, og skal dekkje kostnadar i samband med saksbehandling og akkreditering/GLP-godkjenning av søkjerar og akkrediterte/GLP-godkjente verksemder. 

Etaten er mottakar av statleg tilskot for arbeid i dei internasjonale samarbeidsorganisasjonane for akkreditering og GLP. Dette for å bevare dei internasjonale forpliktningane innan ansvarsområdet samt vidareutvikling av akkrediteringsordningar og informasjonsarbeid knytta til slike ordningar. Her er oversikt over våre dokument knytta til vår verksemdstyring. 

Her er leiargruppa i Norsk akkreditering, som vert leia av direktør Inger Cecilie Laake (t.h.).

Les meir om organisasjonen her!

Internasjonalt samarbeid

Norsk akkreditering deltek aktivt i det europeiske og internasjonale samarbeidet om akkreditering. Etaten er signatar til alle multilaterale avtalar om gjensidig aksept av akkreditering for ordningar der vi har akkrediterte verksemder i Noreg. Dette gjev internasjonal tillit til rapportar og sertifikat utstedt av norske akkrediterte verksemder. Les meir om det internasjonale arbeidet her. 

Akkreditering vert brukt både av EU/EFTA og internasjonalt for å gjere det enklare å drive handel over landegrensene. Innad i EU og EFTA er det ei aukande erkjenning av at akkreditering er eit nyttig verktøy som støttar oppunder handelsavtalar. Ordninga vert difor teken i bruk innan stadig nye område. 

Norsk akkreditering sin strategi

Norsk akkreditering skal dekkje behovet for akkreditering i Noreg. Dette skal vi gjere ved å gje god veiledning om kva akkreditering kan brukast til og kva krav som vert stilte. Norsk akkreditering skal utvikle og etablere akkrediterinsordningar som det er behov for og vere effektive i si behandling av søknadar om akkreditering. 

Norsk akkreditering sin strategi for perioden 2019-2023 inneheld prioriterte område i denne perioden. Det er utarbeidt detaljerte handlingsplanar for kvar delstrategi. Strategien sier og kva vi legg i etaten sine verdiar - kompetente, tydelege og lojale. Les meir om våre verdiar, visjon og målsetjingar i vår strategi.