Du er her:

Organisering og leiing

Norsk akkreditering er en etat med 40 tilsette og held sentralt til i Lillestrøm.  Norsk akkreditering vert leia av direktør Inger Cecilie Laake.


Organisasjonskart

Org.kart avd.nivå 2024.png

 

Direktør i Norsk akkreditering

Portrettbilde av ansatt
Inger Cecilie Laake
Direktør

Telefon: 64 84 86 00

Mobil: 411 26 814

E-post: icl@akkreditert.no


Leiargruppa 

Norsk akkreditering si leiargruppe består av etaten sin direktør og fire avdelingsdirektørar. Her kan du leise meir om leiargruppa i Norsk akkreditering, og finne kontaktinformasjon.

Stab

Norsk akkreditering sin stab har juridisk rådgiving og kvalitetsstyring som sine hovudoppgåver.

Stab jobbar også med:

  • Interkontroll og risikostyring  
  • NAs styringssystem/kvalitet
  • Offentlighet/innsyn og personvern
  • Behandling av klager på vedtak fatta av NA

Staben er fagleg ansvarleg for akkrediteringsprosessen. 

Avdeling for akkreditering

Avdeling for akkreditering har saksbehandling, bedømming, akkreditering og oppfølging av akkrediterte virksomheter som sine hovudoppgåver.

Avdelinga er inndelt i to seksjoner.

Seksjon for industri og sertifisering har ansvar for: 

  • Verifikasjonsorgan
  • Inspeksjonsorgan
  • Sertifiseringsorgan
  • Laboratorium innan områda kalibrering, maritim, landbasert industri og byggevarer

Seksjon for miljø og helse har ansvar for: 

  • Medisin
  • Helse
  • Miljø
  • Næringsmiddel
  • Kriminalteknikk 
  • Renseanlegg 

Seksjonen er og ansvarleg for inspeksjonar i samsvar med OECD sine vedtak om god laboratoriepraksis (GLP)»

Avdeling for utvikling og internasjonal samhandling 

Avdelinga arbeidar med utvikling og etablering av nye akkrediteringsordningar og koordinerer etaten sitt arbeid i internasjonale samarbeidsorganisasjonar. Avdelinga bidrar til kontinuerleg forbetring av interne arbeidsprosessar, samt rekruttering av tekniske bedømmere.

Avdelinga arbeider også med å sikre kompetanse og opplæring om internasjonale standardar internt.

Les meir om korleis vi samarbeider internasjonalt her 

 

Avdeling for digitalisering, IT og kommunikasjon

Avdeling for digitalisering, IT og kommunikasjon har drift, vedlikehald og vidareutvikling av etaten sitt IT-system, utvikling av nye digitale system, kommunikasjon og etaten si nettside som sine hovudoppgåver.

Avdeling for økonomi og administrasjon

Avdeling for økonomi og administrasjon har økonomi- og verksemdstyring, arkiv og dokumentforvaltning, HR/HMS, anskaffing, kontordrift, lønn og rekneskap som sine hovudoppgåver.

Forum og utvalg


Organisasjonskart 2024

Norsk akkreditering sitt forum for regulerende myndigheter

Forum for regulerende myndigheter er vårt rådgjevande organ innan drift og utvikling av akkrediteringsordningar. Dei bidreg og med kommunikasjon og promotering av akkreditering som verkemiddel for å dokumentere kompetanse. 

Her kan du lese meir om forum for regulerende myndigheter.

Norsk akkreditering sitt klageutvalg

Norsk akkreditering sitt klageutvalg behandlar klager på vedtak om akkreditering. Utvalget gjev råd til Norsk akkreditering sin direktør før endeleg vedtak vert fatta. Klageutvalget består av leiar, nestleiar og ytterlegare eit medlem av forum for regulerende myndigheter. Det vert utarbeidt ei forskrift for klageutvalget sitt arbeid, og den vert lagt ut så snart den er godkjent.

Norsk akkreditering sitt Brukarforum

Brukarforum vart etablert i 2022. Hensikta med Brukarforum er å få tilbakemeldingar. Målet er å leggje til rette for god samhandling mellom Norsk akkreditering (NA) og søkarar/akkrediterte verksemder, samt andre med interesse for akkreditering. Forumet har 15-20 eksterne medlemer i tillegg til NAs representantar. Forumet er samansett slik at store delar av akkrediterte verksemder skal være representert.

Ønsker du å vite meir? Vi publiserer fortløpande dagsorden, saksinformasjon og referat via einnsyn. Einnsyn er ei felles publiseringstjeneste og innsynsløsning for hele offentlig sektor.

Les meir her via einnsyn

Treng du å komme i kontakt med oss, eller ynskjer du meir informasjon? Send e-post til post@akkreditert.no, så hjelper vi deg.