Du er her:

Informasjon til bedømmere

To personer ser på prøver i et laboratorium

Norsk akkreditering (NA) akkrediterar innenfor mange områder, og treng derfor jevnleg å leige inn relevant kompetanse. Innleia bedømmar betyr alt personell som er innleia på bedømmaroppdrag for NA. Her vil du som allereie er innleia bedømmar og du som ynskjer å bli det, finne informasjon, dokumentar og skjema som du treng. Dersom du ynskjer å bli innleid hos oss, eller vil vite meir, ta kontakt med oss på post@akkreditert.no.

Aktuelt

Endring av rutine ved innsending av honorarkrav

Frå 01.10.24 skal ein berre leggje ved nytt skjema for timespesifikasjon (D670) ved innsending av krav i Betalmeg. Tidlegare krav om vedlagt honorarskjema (D671) fell bort.

Dok 670 Timespesifikasjon - innleid bedømmer

 

Vi ber om at honorar og reiserekningar vert sendt inn fortløpande. 

 

 

Andre aktuelle fagoppdateringar

På denne sida kan du halde deg oppdatert på fagoppdateringar innanfor aktuelt fagområde.

Har vi registrert rett kompetanse på deg?

Beskrivelse av rutinar 

Norsk akkreditering skal alltid ha oppdatert informasjon om kompetanse til innleide bedømmere. Minst kvart tredje år ber vi om at ein får tilsendt oppdatert CV og kompetansematrise, slik at me er mest mogleg oppdatert. Minimum kvart tredje år ber me om å få tilsendt oppdatert CV og kompetansematrise. Endrar kompetansen din seg i mellomtida, ta kontakt med oss. CV og utfylt matrise kan sendast til kontaktperson, eller til post@akkreditert.no. 

Meir om kva slags informasjon me treng

Utfylt kompetansematrise skal spegle kva område innleigde bedømmarar er kompetent på. Det er viktig at det kjem fram av dokumentasjonen kva formell bakgrunn og erfaring den innleide bedømar har. Det bør òg framkome kva akkrediteringsstandarder som bedømar har fått opplæring i og/eller har erfaring med å bedømme. Dokumentasjon på at ein er godkjend bedømar for andre akkrediteringsorgan i Europa må òg sendast til oss. Dokumentasjonen, saman med andre element, er grunnlag for omgodkjenning i Norsk akkrediteringssystem.

Dersom du lurar på noko rundt dette, ta kontakt.

Illustrasjonsbilde av to personer som ser på og fyller ut et ark

Bli tilsett bedømmar 

Norsk akkreditering akkrediterer innenfor mange fagområder. Derfor har vi behov for ekspertar som kan hjelpa til med bedømminga av virksomheiter som søkjer akkreditering eller som allereie er akkreditert. Akkreditering er ei uavhengig vurdering av ein bedrift si kompetanse, integritet og uavhengigheit. Vurderinga vert gjennomførd mot krava i ulike akkrediteringsstandardar innanfor ulike akkrediteringsområde. Du kan lese meir om kva slags fagområder vi akkrediterer innenfor på våre kundesider her.

Kva den einskilde organisasjonen er akkreditert for er beskrivi med utgangspunkt i akkrediteringsomfanget. Akkrediteringsomfanget er som regel gjeve utfrå standardmetodar, lovverk, forskrifter, forordningar eller direktiv.

Sjå liste over akkrediterte virksomheter her.

Som tilsette bedømmar er du ein del av eit bedømmarlag som vurderar om ein virksomheit opererar i samsvar med gjeve krav. Bedømmarlaget består av leiande bedømmar og ein eller fleire tilsette bedømmarar/ekspertar. Leiande bedømmar er ekspert på styringssystem og krava i akkrediteringsstandarden, og leiar prosessane i bedømmarlaget. Bedømingane vert som regel gjort lokalt hos bedriften som skal bedømmast. Reising må difor påreknast.

Bilde av mennesker med arbeidstøy på et skip 

Er dette noko for deg eller vil du vite meir?

Send ein e-post til post@akkreditert.no.

Du kan også gjerne legge ved ein CV, så tar vi kontakt med deg. 

Krava for å bli innleia bedømmar

  • Erfaring og kompetanse innan eige fagfelt.
  • Utdanning på minimum bachelornivå, saman med relevant arbeidserfaring som til saman gir god kjennskap til eit fagområde. I særskilde tilfelle kan ein fråvike krava om formalkompetanse. 
  • Kjennskap til krava i akkrediteringsstandarden.

Vi arrangerar jamleg kurs og arrangement innanfor det som har med akkreditering å gjere, slik at du kan øke kompetansen og holde deg faglig oppdatert.

Her kan du lese meir om aktuelle kurs

Forutsetningar for å bli innleid hos oss

Innleid bedømmarar og –ekspertar vert leigd inn for å jobbe for Norsk akkreditering. Dette skjer anten ved at du vert leigd inn som privatperson eller via arbeidsgiver.

Under finn du kva du må gjere deg kjend med for å verte innleid bedømmar eller ekspert.

Slik blir eit oppdrag planlagt

I eit spesifikt oppdrag vert tidspunkt og varigheit for bedømminga bestemt. Tidspunktet vert som regel avtala minst 3-6 månader før planlagt besøk, og ein arbeidar for å finne ei passande tid for leiande bedømmer, innleigd bedømmer/ekspert og for akkreditert verksemd.

Dersom det er forhold som kan påverke den objektive og uavhengige vurderinga som er naudsyndt i ein vurderingssituasjon, må innleide bedømmarar og -ekspertar gi Norsk akkreditering tilbakemelding om dette.

Det skrivast avtale pr. oppdrag med timeestimat. Timane som blir estimert er baserte på forventa tidsbruk. Mange av Norsk akkreditering sine besøk hos akkrediterte verksemder krev ein dag med fysisk oppmøte.

Standard estimat for dagsbesøk er 20 timar. Estimatet omfattar timar til førebuing, vurdering og etterarbeid. Reisetid kjem i tillegg, og blir honorert med halv timepris. Innleigd personell vert bedt om å spesifisere tidsbruken. Du kan lese meir om dette under fremming av krav her. Spørsmål knytta til avtalar kan rettast til kontaktperson eller post@akkreditert.no. 

Slik foregår eit oppdrag

Eit oppdrag kan delast inn i tre hovuddelar. Førebuing, bedømming og etterarbeid. 

Del 1: Førebuing

I forberedelsesfasen får innleide bedømmerer/ekspertar forskjellig informasjon som ein benyttar som grunnlag til førebuing. Ein mottar rapportar, inkludert avvik og korrigerande tiltak, som vart skrive av Norsk akkrediterings bedømmarar etter sist bedømming. 

Tilgang på dokumentasjon

Vidare får ein dokumentasjon eller tilgang til verksemda sin dokumentasjonssamling. Kva slags minimum av dokumentasjon som skal mottakast kjem fram av vilkåra for å vere akkreditert, og dette er noko verksemda sender og Norsk akkreditering mottar. Det blir ikkje forventa at innhyrde bedømmarar og ekspertar har lese heile dokumentasjonssamlinga til ei akkreditert verksemd i prosessen med førebuing. Det blir likevel forventa at dokumentasjonen knytt til fokusområda er godt førebudd.

Ein vil få oversikt over endringar i akkreditert verksemd det siste året. Ein mottar og akkrediteringsomfanget til akkreditert organisasjon. For prøvingslaboratorium kjem det fram av desse når ei analyse vart sist bedømt.

Vidare mottar ein rapporteringsmal som skal nyttast av bedømmarlaget vidare under prosessen. 

Avgjerd om endeleg plan

Innhyrde bedømmarar og ekspertar blir ofte bedt om å gje tilbakemeldingar om fokusområda under bedømminga under førebuinga. Avgjerd om endeleg plan for bedømminga blir teken av leiande bedømmar, og er basert på tilbakemeldingane frå bedømmarlaget, tid sidan aktiviteten vart sist bedømt og resultat frå tidlegare bedømmingar.

Leiande bedømmar sender ut ei dagsorden som inkluderer fokusområda seinast ei veke før bedømminga til akkreditert verksemd.

Førebuingsmøte 

Leiande bedømmar kallar gjerne inn til eit bedømmarmøte rett før bedømminga slik at eventuelle spørsmål kan diskuterast.

Leiande bedømmar kan også alltid kontaktast ved spørsmål som gjeld bedømminga, dersom det skulle vere noko ein lurer på. 

En mann og en dame som snakker sammen ved tavle.jpg

 

Del 2: Bedømming

Hensikten med bedømminga er å vurdere om aktiviteten til verksemda er i samsvar med akkrediteringsstandarden og eventuelle andre normative dokument. Ein skal også bedømme om etablerte prosedyrar og rutinar blir fulgt av dei ansatte i verksemda.

Opningsmøte

Bedømming starter med et åpningsmøte der ein samlast, og leiande bedømmar gjer informasjon.

Først presenterar ein formålet og omfanget av bedømminga. Deretter presenterast bedømmerlaget og verksemda sitt nøkkelpersonell for kvarandre. Leiande bedømmar presiserar at bedømmerlaget under bedømminga skal indikere om eit forhold kan leie til eit avvik eller om det som vert framvist er i samsvar med krava. Deretter forklarar ein gradering av mogelege avvik, slik at alle veit om dette. 

Deretter gjer leiande bedømmar informasjon om konfidensialitet og offentleglova. Det blir gitt informasjon om at Norsk akkreditering sitt personell og innleigde bedømmarar har teieplikt. Teieplikten gjeld for alt vi ser, høyrer og har lese i samband med vurderinga. Samstundes er alt bedømarlaget skriv offentleg i samsvar med offentlegheitslova. Det betyr at dersom nokon ber om innsyn gjennom offentleg elektronisk postjournal (OEP), vil dei få dette. 

 

Agenda og gjennomføring

Når partar er presentert for kvarandre og viktig informasjon har blitt gjeven, presenterar leiande bedømmar dagsorden. Dette er planen for dagen, og ein gir informasjon om kva som blir vurdert først/sist i tråd med agendaen som er satt. Vidare organiserar ein kven som eventuelt blir med kven underveis gjennom dagen, slik at ein får gjennomført bedømminga på ein hensiktsmessig måte. 

Etter opningsmøtet talar innleide bedømmarar og ekspertar med godkjent personell på dei ulike områda. Dei blir bedne om å vise fram aktiviteten (til dømes metodedemonstrasjon) og/eller relevante registreringar. Eksemplar på dette er kompetanse, rutinar/prosessar, utstyr og grunnlag for rapportar/sertifikat.

 

Mann i arbeidsuniform viser dokumentasjon til kvinne.jpg

 

Bedømmermøte: Diskusjon underveis 

Under ei bedømmingsdag blir det vanligvis arrangert minst eitt møte for bedømmarar. Då samlar ein seg rundt kva ein har observert. Målet med desse møta er å diskutere om ein observasjon er eit avvik frå krava i standarden, og formulere eventuelle avvik.

Innleigde bedømmarar og -ekspertar formulerer avvikene. Avvik skal kunne knytast til ein bestemt paragraf i akkrediteringsstandarden, og ein benyttar gjerne rapporteringsmal til dette arbeidet. Når eventuelle avvik er blitt formulert av innleigde bedømmarar og -ekspertar, blir det sendt til leiande bedømmar.

 

Sluttmøte

Vidare finn du nærmare beskriving om kva som minimum inkluderast i eit sluttmøte. 

Ein byrjar med å takke for tilrettelegginga av bedømminga. Etter det presenterer bedømmerteamet eit overordna inntrykk av verksemda sine akkrediterte aktivitetar, og dette er viktig i sluttmøtet. Etter det presenterer ein eventuelle avvik, og her er det viktig å vere førebudd på å handtere eventuelle motforestillinger til eventuelle funn. Etter at avvika er presentert, blir det avtalt ein tidsfrist for verksemda til å sende inn korrigerande tiltak for eventuelle avvik. Deretter opnar ein opp for spørsmål og kommentarar.

 

En person som forklarer med hender og har pc og notatblokk foran seg

 

Del 3: Etterarbeid

Etter bedømminga blir det utarbeidd rapportar frå alle bedømmarane. Det er viktig å klargjere kva som har blitt bedømt og resultatet av det. Det er mindre viktig å skildre korleis verksemda har sikra samsvar mot krava. Innleigde bedømmarar og -ekspertar har vanlegvis fokus på tekniske krav, prosesskrav og kompetansekrav. Dette er det viktigaste å bekrefte i rapportane.

Krav til offentlighet 

Bedømmerlaget må vere merksame på kravet til offentlegheit når rapportane blir skrivne. Det som blir skrive kan bli offentleg, og Norsk akkreditering ønskjer å skjerme så lite som mogleg ved innsynskrav. Det betyr at namn på kundar til akkreditert verksemd, konfidensiell informasjon som pasientdata og namn på personell i akkreditert verksemd i minst mogleg grad skal bli kjent gjennom rapportane. Dette gjeld også forhold av konkurransemessig betydning, til dømes planar om å utvide verksemda si aktivitet.

Norsk akkreditering vil kunne sende eksempel på rapportar som er vurderte som tilstrekkelege, i tillegg til rapportane frå tidlegare vurderingar som er gitt i førebuingfasen, ved førespurnad om innsynskrav.

Rapporten som er blitt utarbeidd blir sendt til ledande bedømmar og ikkje direkte til akkreditert verksemd etter bedømming. 

Mottak av korrigerande tiltak 

Ein stund etter bedømming vil bedømmarlaget motta korrigerande tiltak av verksemda. Dei korrigerande tiltaka knytt til avvik gitt av den leigde vurderaren/eksperten blir deretter gjennomgått. Vurderinga blir skriven i avviksrapporten og sendt til ledande bedømmer. Vurderinga skal innehalde ein anbefaling om årsak og om dei korrigerande tiltaka er tilstrekkelege for å lukke avviket.

For meir informasjon, sjå også akkrediteringsprosessen.

Relevante arrangement og kurs

For å halde seg kontinuerleg oppdatert, vert det sterkt oppfordra til at innleigde bedømmande og -ekspertar deltar på kurs og arrangement. Vi arrangerer bedømmerkurs etter behov, og ulike møter innanfor fleire av fagområda som blir akkreditert hos oss. Vi arrangerer også årleg årlig akkrediteringsdag. Her kan du lese meir om kurstilbodet vårt.