Du er her:

Organisering og leiing

Norsk akkreditering er ein etat med 40 tilsette og held sentralt til i Lillestrøm. Norsk akkreditering vert leia av direktør Inger Cecilie Laake.


Organisasjonskart

 

Organisasjonskart 01.09.2026

 

 

Ny organisasjonsstruktur frå 1. september 2026

Norsk akkreditering innfører frå 1. september ei ny organisasjonsstruktur. Informasjon om den nye organisasjonen blir publisert på nettsidene våre i løpet av kort tid.

 

 

Direktør i Norsk akkreditering

Portrettbilde av ansatt
Inger Cecilie Laake
Direktør

Telefon: 64 84 86 00

Mobil: 411 26 814

E-post: icl@akkreditert.no

Forum og utvalg 

Norsk akkreditering sitt forum for regulerende myndigheter

Forum for regulerende myndigheter er vårt rådgjevande organ innan drift og utvikling av akkrediteringsordningar. Dei bidreg og med kommunikasjon og promotering av akkreditering som verkemiddel for å dokumentere kompetanse. 

Her kan du lese meir om forum for regulerende myndigheter.

Norsk akkreditering sitt klageutvalg

Norsk akkreditering sitt klageutvalg behandlar klager på vedtak om akkreditering. Utvalget gjev råd til Norsk akkreditering sin direktør før endeleg vedtak vert fatta. Klageutvalget består av leiar, nestleiar og ytterlegare eit medlem av forum for regulerende myndigheter. 

Les meir om klagebehandling her. 

Norsk akkreditering sitt Brukarforum

Brukarforum vart etablert i 2022. Hensikta med Brukarforum er å få tilbakemeldingar. Målet er å leggje til rette for god samhandling mellom Norsk akkreditering (NA) og søkarar/akkrediterte verksemder, samt andre med interesse for akkreditering. Forumet har 15-20 eksterne medlemer i tillegg til NAs representantar. Forumet er samansett slik at store delar av akkrediterte verksemder skal være representert.

Ønsker du å vite meir? Vi publiserer fortløpande dagsorden, saksinformasjon og referat via einnsyn. Einnsyn er ei felles publiseringstjeneste og innsynsløsning for hele offentlig sektor.

Les meir her via einnsyn

Treng du å komme i kontakt med oss, eller ynskjer du meir informasjon? Send e-post til post@akkreditert.no, så hjelper vi deg.