Suspensjon er ei sperring av ein organisasjon sin akkrediterte aktivitet. Ved suspensjon skal organisasjonen ikkje tilby eller utføre akkrediterte tenester for dei deler suspensjonen omfattar så lenge suspensjonen varar.
Publisert
18.05.2015 15:28
av
Morten Bjørgen
Frivillig suspensjon
Akkrediterte laboratorium kan frivillig søkje om suspensjon av heile eller delar av akkrediteringsomfanget sitt.
Det er ulike årsaker til at ein ønskjer å bli frivillig suspendert, men typiske årsaker er:
- flytting av laboratorieaktiviteter
- tekniske problem
- utfordringar på personellsida
som gjer at ein ikkje kan levere akkrediterte tenester i tråd med krava.
Ufrivillig suspensjon
Dersom det blir avdekt særs alvorlege manglar i etterlevelsen av aktuelle krav vil NA kunne iverksetje suspensjon av heile eller delar av akkrediteringa.
Ufrivillig suspensjon kan iverksetjast med umiddelbar verknad.
Delvis suspensjon

Suspensjonar av akkreditering kan gjerast for heile eller delar av akkrediteringa.
Ved delvis suspensjon er det berre einskilde metodar som blir suspendert. For å sjå kva metodar dette er, så må ein i omfanget gå inn og sjå på alle fagområda.
Suspensjonens varighet
Ein suspensjon varar til NA vedtek anten terminering eller akkreditering av det suspenderte omfanget.
Maksimal tid av ein suspensjon er normalt 12 månader frå vedtaksdato om suspensjon.