open mobile menu close mobile menu

Faktura til Norsk akkreditering

Som statleg verksemd skal Norsk akkreditering krevje at leverandørane våre av varer og tenester sender faktura og kreditnota elektronisk med standardet - Elektronisk handelsformat (EHF).

Krav til fakturainnhald

Det eit vilkår at fakturainnhald er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter

Fakturaer merkes med namn på bestiller/saksbehandlar.

Faktura i samband med akkreditering, blir påført i tillegg akkrediterings- og prosjektnummer.

EHF

Vi oppmodar leverandørane våre til å levere elektronisk faktura og kreditnota til Norsk akkreditering i standardformatet EHF

Den elektroniske adressa til den Norske akkreditering er organisasjonsnummeret vårt: 986 028 307.

I feltet for ”Deres ref.” må ”NA”  oppgis.

Andre referanseopplysingar som kontaktperson og/eller saksnummer oppgis på fakturaen som tidlegare.

Kva er elektronisk faktura?

Elektronisk faktura er ein faktura som blir overført elektronisk frå seljar til kjøpar utan manuell behandling i overføringa.

I Noreg er det fastsette eit standardformat for elektronisk faktura som er utarbeidt frå eit europeisk standard. I Noreg heiter formatet Elektronisk Handelsformat – EHF

Overføring av fakturafilene skal skje via aksesspunkt. Eit aksesspunkt er ein meldingsformidlar som har ein avtale om formidling av dokument i eit strukturert oppsett til andre aksesspunkt.

For meir informasjon om dette, sjå http://anskaffelser.no/e-handel/faktura

Kva må du som leverandør gjere?

Som leverandør må du inngå avtale med eit aksesspunkt. Du kan produsere fakturaene dine på elektronisk handelsformat (EHF) frå eige fakturasystem, eller nytte ein nettbasert fakturaportal som er tilknytt eit aksesspunkt

For ytterlegare informasjon om: