open mobile menu close mobile menu

Tillitsbegrepet

Norsk akkreditering skal vere ein truverdig ”garantist” for tryggje varer og tenester

Når eit laboratorium eller ei anna verksemd blir akkreditert frå eit internasjonalt anerkjend akkrediteringsorgan, inneber dette ein grundig kontroll av laboratoriet frå høgt kvalifiserte fagfolk med spisskompetanse innan alle dei tekniske fagfelta som blir vurderte.

Desse personane kontrollerer at verksemda har eit kvalitetssystem og arbeider etter rutinar som er i samsvar med nasjonale og internasjonale krav.

Det blir lagt stor vekt på at verksemda har kompetanse til å utføre dei oppgåvene dei er akkrediterte for. Den akkrediterte organisasjonen sin habilitet blir også grundig vurdert. Ei akkreditering blir følgd jamleg opp slik at NA kan dokumentere at organisasjonen ikkje bryt med akkrediteringskrava over tid.

Når ein analyse er utførd akkreditert vil mottakaren av resultatet ha skaffa seg eit vedtaksgrunnlag som er så sikkert som mogeleg. Har eit produkt eller ein person eit akkreditert sertifikat er risikoen for eventuelle feil eller uhell redusert. Det vil seie at forbrukaren kan ha tillit til ei vare eller teneste som blir utførd under våre akkrediterte ordning. Det same gjeld for akkrediterte varer og tenester frå andre land som deltek i den gjensidige godkjenningsavtalen.

Det skal følgjeleg vere nok å analysere eller sertifisere ei vare ein gong. Dette forenklar marknadsføringa av vara eller tenesta internasjonalt.