open mobile menu close mobile menu

Internasjonal aksept

Teknisk akkreditering starta internasjonalt som svar på eit behov for pålitelege måleresultat og sertifikat. Det var eit ønske om å fremme ”fri flyt av varer og tenester”.

For at eit måleresultat, produkt eller ei teneste skal ha tillit og aksept må ein ha eit system for gjensidig godkjenning. Dette blir gjort gjennom eit samarbeid mellom akkrediteringsorgana i regionale og internasjonale organisasjonar. Det er ikkje myndigheiter, men industrien som står bak systemt på verdsbasis. I Europa er akkreditering formalisert som ei myndighetsoppgave.

Norsk akkreditering (NA) deltek i European Cooperation for Accreditation (EA), International Laboratory Accreditation Cooperation (ILAC) og International Accreditation Forum (IAF). Desse organisasjonane vedlikeheld multilaterale avtalar om gjensidig godkjenning av akkrediteringar.

NA har signert alle gjeldande avtalar og blir evaluert av eit lag frå EA kvart 4. år. Informasjon om kva andre land sine akkrediteringsorgan som har signert avtalane finst på heimesidene til dei tre organisasjonane (EA, ILAC, IAF).

Felles akkrediteringskrav sikrar at krava som blir stilte er dei same i kvart land. EA, ILAC og IAF utarbeider, når det er nødvendig, rettleiingar til krava. Desse hjelper til ytterlegare harmonisering mellom landa frå dei ulike regionane.

NAs internasjonale aksept

Du kan lese mer om NAs internasjonale aksept på våre sider om EA, ILAC og IAF