open mobile menu close mobile menu

Hva vi akkrediterar

NA akkrediterer etter dei fleste internasjonale akkrediteringsstandardane.

Norsk akkreditering akkrediterer også etter krav frå EA, ILAC og IAFs multilaterale avtaler.

Akkreditering kan delast inn i fire hovudområder:

  • Laboratorieakkreditering
  • Sertifisering
  • Inspeksjon
  • Verifikasjon

Hva kan akkrediteres

For at ein aktivitet skal kunne akkrediterast er det nokon forhold som må vere tilfredsstilt:

  • Det må finnast ein akkrediteringsstandard. Dette er ”grunnmuren”, det kravdokumentet som set generelle krav til dei ulike typane verksemder.
     
  • Det må finnast eit normativt dokument som er offentleg tilgjengeleg og som skildrar den aktiviteten som blir utførd.
     
    Eit slikt dokument kan vere ein internasjonal eller nasjonal standard, forskrift eller liknande. Eigenutvikla metodar kan akkrediterast under laboratorieakkreditering forutsett at metodane er tilfredsstillande validerte.
     
  • Akkreditering kan i prinsippet innvilgast for aktivitetar innen alle fagområda såframt det er mogeleg å tilfredsstille akkrediteringskrava.

Alle avslag på akkreditering skal vere grunngitt med manglande tilfredsstilling av akkrediteringsvilkåra.

Akkrediteringsorgan kan ikkje akkreditere etter krav i sertifiseringsstandarder som ISO 9001.