open mobile menu close mobile menu

Akkrediteringsprosessen

år ein organisasjon ønskjer å bli akkreditert, for heile eller deler av si verksemd, er første trinn å setja seg inn i dei krav som vert stilt i den standarden som gjeld for det aktuelle området.

Grafisk fremstilling av akkrediteringsprosessen

  • Søknad om akkreditering skal sendast frå søkjar til NA på eige søknadsskjema. Kvalitetshandboka og anna naudsynt informasjon (spesifisert på søknadsskjema) skal følgja søknaden.
     
  • Sakshandsamar går gjennom dei innsende dokumenta frå kunden og ber om utfyllande dokumentasjon dersom noko manglar.
     
  • Det vert gjort avtale om eit førebuande møte med søkjaren. På dette møtet vil NA drøfta ting som måtte vera uklårt i dokumentasjonen samtidig som ein vurderar om organisasjonen synes å vera klar for ei endeleg vurdering (fullstendig gjennomgang.)
     
  • Endeleg vurdering vert gjort av ein leiande og ein eller fleire tekniske bedømmarar.
     
  • Verksemda rettar opp eventuelle avvik og melder tilbake til NA om korleis dette er løyst.
     
  • NA vurderar om avvika er retta opp eller ikkje. Når det er samsvar med standarden vert akkreditering gjeve for nærare spesifiserte oppgåver/område.
     
  • Akkrediteringa vert gjeve for ein femårs periode. I denne tida vil NA regelmessig fylgja opp verksemda for å sikra at verksemda held fram med å vera i samsvar med den eller dei standardarane dei er akkreditert mot. Alle akkrediterte organisasjonar blir fulgt opp kvart år.
     
  • Dersom verksemda ynskjer å halda vedlike akkrediteringa si må den fornyast innan 5 år.

 

 

 

Detaljer om prosessen for inspeksjonsorgan

Organisasjoner som ønsker å bli akkreditert som inspeksjonsorgan kan lese en mer detaljert beskrivelse under området for akkrediterte inspeksjonsorgan.