open mobile menu close mobile menu

Framleis MLA-signatar og ny SLP-avtale

Framleis MLA-signatar og ny SLP-avtale

Tysdag 23. mai signerte NA sin direktør, Cecilie Laake, ein ny multilateral avtale med European Accreditation om akkreditering av samanliknande laboratorieprøving.

Det var på European Accreditations (EA) generalforsamling i Bled, Slovenia, 23. mai 2017, Cecilie Laake underskreiv den nye MLAen. Det betyr at Eurofins akkrediterte SLP-program  får internasjonal aksept frå dei andre europeiske landa.

Signaturen på den nye avtalen er ei seremoniell avslutning på NA si peer-evaluering i 2016. Formelt blei prosessen avslutta på Multilateral Agrement Counsil-møtet i slutten av april.

I sum blei alle Norsk akkrediterings internasjonale avtaler godkjent for nye fire år

Samanliknande laboratorieprøving er ein metode for å kvalitetssikre analysar. Når vi no har fått på plass ein europeisk avtale om gjensidig godkjenning av denne akkrediterte tenesta kan Eurofins lettar konkurrere i den europeiske marknaden for SLP-arrangement.

Organisasjonar som er interesserte i akkreditering som SLP-arrangør finn meir informasjon her . 

Om din kunnskapstørste om MLA-systemet ikkje er slukka, les meir her

Les mer :