open mobile menu close mobile menu

Kompetanseauke for Balkan

Kursinstruktører og deltakere i NAs kurslokaler i Lillestrøm

Norsk akkreditering styrkjer kvalitetssinfrastrukturen på Balkan

I veke 36 var Norsk akkreditering vertskap og instruktørar for å styrkje akkrediteringsordningane på Balkan.

Kurset er ein del av QI (Quality Infrastructure in the Western Balkans) verkemiddel for å betre Balkans høve til å delta i den indre marknaden.

QI har som mål å styrkje bruken av standardar, teknisk regelverk, akkreditering, metrologi, marknadsovervaking og samsvarsvurderingar i regionen. Ved å styrkje denne grunnleggjande funksjonen skal produsentane i regionen få lettare inngang til den internasjonalen marknaden. På den måten blir vekst og integrasjon skapt i heile den Europeiske fellesmarknaden.

Kurset var ei innføring i den nye versjonen av standarden som beskriver generelle krav til kompetanse i prøvings- og kalibreringslaboratorium, ISO/IEC 17025:2017. Ved å bruke denne akkrediteringsstandarden sikrar produsentar at produkta deira er lovleg å omsetje i resten av Europa. Dette minskar kostnadene for å få godkjente produkt og industrien blir meir konkurransedyktige. Samtidig sikrar det oss som forbrukarar at varene er tryggje, miljøvennlege og ikkje inneheld helseskadelege kjemikal.

Maarten Aerts og Indira Secic var NA sine instruktørar på det to dagar lange kurset.

 

  • Det var to intensive dagar, men det var også rom for å diskutere tolking av ord og utrykk som blir brukt i den internasjonalen standarden. I slike diskusjonar blir også vår eigen kompetanse styrkt i å forstå standarden, men også forståinga av kvar komplisert standardskriving er når orda skal tolkast i ulike kulturelle kontekstar over heile verda

                       - Maarten Aerts, Akkrediteringsansvarlig Norsk akkreditering

NA sin direktør Cecilie Laake var svært fornøgde med gjennomføringa av kurset.

  • Dette viser at medarbeidarane våre har kompetanse som blir etterspurd langt utanfor landegrensene våre. Det var spesielt hyggjeleg å få tilbakemeldingar frå Rózsa Ring, ein av prosjektets akkrediteringseksperter. Dei tilbakemeldingane var ei fjør i hatten til heile Norsk akkreditering, men kanskje spesielt til Maarten og Indira

                       - Cecile Laake, Direktør Norsk akkreditering

QI er eit prosjekt for å styrkje kvalitetsinfrastrukturen i vestlege Balkan. Prosjektet er sponsa av EFTA, CEN CENELEC og The Swedish International Development Agency.

Les meir om prosjektet her