Direkte til sidens innhold

Startside / Om oss / Hva er akkreditering / Tillitsbegrepet

Norsk Akkreditering skal vere ein truverdig ”garantist” for tryggje varer og tenester.

Når eit laboratorium eller ei anna verksemd blir akkreditert, inneber dette ein grundig kontroll av laboratoriet frå høgt kvalifiserte fagfolk med spisskompetanse innan alle dei tekniske fagfelta som blir vurderte.

Desse personane kontrollerer at verksemda har eit kvalitetssystem og arbeider etter rutinar som er i samsvar med nasjonale og internasjonale krav.

Det blir lagt stor vekt på at verksemda har kompetanse til å utføre dei oppgåvene dei er akkrediterte for. Den akkrediterte organisasjonen sin habilitet blir også grundig vurdert. Ei akkreditering blir følgd jamleg opp slik at NA kan dokumentere at akkrediteringskrava til ei kvar tid blir overhaldne.

Når ein analyse er utførd akkreditert vil mottakaren av resultatet ha skaffa seg eit vedtaksgrunnlag som er så sikkert som mogeleg. Har eit produkt eller ein person eit akkreditert sertifikat er risikoen for eventuelle feil eller uhell redusert. Det vil seie at forbrukaren kan ha tillit til ei vare eller teneste som blir utførd under våre akkrediterte ordning. Det same gjeld for akkrediterte varer og tenester frå andre land som deltek i den gjensidige godkjenningsavtalen.

Det skal følgjeleg vere nok å analysere eller sertifisere ei vare ein gong. Dette forenklar marknadsføringa av vara eller tenesta internasjonalt.


TILBAKEMELDING PÅ ARTIKKELEN
E-post
Kommentar

NYHETER

ILAC P9: 06/2014 ILAC Policy for Participation in Proficiency Testing er revidert
Saeed Behdad
Det er mulig for bedrifter å profilere seg med stand på Norsk akkrediterings akkrediteringsdag
Årsrapport for akkrediterte sertifserings- og inspeksjonsorgan skal sendes på eget skjema. Laboratorier skal ikke sende årsrapport.
Knut Thomas Sjølie