Startside / Om oss / Hva er akkreditering / Akkrediteringsprosessen
Når ein organisasjon ønskjer å bli akkreditert, for heile eller deler av si verksemd, er første trin å setja seg inn i dei krav som vert stilt i den standarden som gjeld for det aktuelle området.
Neste steg er å gå igjennom NA sine krav som er omtala i NA dok 14, 15 og 25/31.
Dernest må verksemda etablere eit styringssystem som tilfredsstiller krava og så fylje dette systemet i dagleg drift
Hovudelementa i sjølve søknadsprosessen
- Søknad om akkreditering skal sendast til NA på eige søknadsskjema. Kvalitetshandboka og anna naudsynt informasjon (spesifisert på søknadsskjema) skal følgja søknaden.
- Sakshandsamar går gjennom dei innsende dokumenta og ber om utfyllande dokumentasjon dersom noko manglar.
- Det vert gjort avtale om et førebuande møte med søkjaren. På dette møtet vil NA drøfta ting som måtte vera uklårt i dokumentasjonen samtidig som ein vurderar om organisasjonen synes å vera klar for ei endeleg vurdering (fullstendig gjennomgang.)
- Endeleg vurdering vert gjort av ein leiande og ein eller fleire tekniske bedømmarar.
- Verksemda rettar opp eventuelle avvik og melder tilbake til NA om korleis dette er løyst.
- NA vurderar om avvika er retta opp på ein tilfredstellande måte. Når det er samsvar med standarden vert akkreditering gjeve for nærare spesifiserte oppgåver/område.
- Akkrediteringa vert gjeve for ein femårs periode. I denne tida vil NA regelmessig fylgja opp verksemda for å sikra at verksemda held fram med å vera i samsvar med den eller dei standardarane dei er akkreditert mot. Alle akkrediterte organisasjonar blir fulgt opp kvart år.
- Dersom verksemda ynskjer å halda vedlike akkrediteringa si må den fornyast innan 5 år.